Landøyda

01.12.2015 (Oppdatert: 14.03.2017) ,  Aukse Drungiliene

Landøyda (det latinske namnet Senecio jacobaea) har fått namn etter den heilage Jakob fordi Jakobsmessa er 25. juli og då er det blømingstid for landøyda.

Landøyda
Folkemedisin
Landøyda inneheld giftige stoff, eterisk olje og andre stoff som harpiks og mineralsalt. På grunn av at landøyda er så giftig er det ikkje aktuelt å bruka den i urtemedisin unntatt i homeopatisk form. Tidlegare vart landøyda brukt mot ulike plager som isjas, revmatisme, munnsår, sår hals, halsbetennelse, forbrenningar m.fl.

Utbreiing
Trivst best på sur og lettare sand– og grusjord. Vekst òg godt på moldjord. Vanleg i kyst– og fjordstrok til Sogn og Fjordane, men kan finnast nord til Finnmark. På Austlandet er landøyda funnen nord til Lillehammer. I Øystre Sildre er planta observert på 530 moh. Det finst gamal dokumentasjon på at landøyda er funnen på 400 moh. i Strandebarm. Det ser ut til at landøyda er i ferd med å spreie seg.

Les heile fakatark om landøyda her

Forfatter: Gunnlaug Røthe