Engsoleie

01.12.2015 (Oppdatert: 14.03.2017) , Aukse Drungiliene

Engsoleie (det latinske namnet Ranunculus acris L.) har vore brukt til ulike formål m.a. som barneleike «smør-blomst» og som kalender. Når graset dekka engsoleia var det på tide å slå. Engsoleie kjem først men sluttar etter kvart å veksa. Engsoleie har ulike namn omkring i landet. Smørblomst eller smørblomster er vanleg i heile landet. Andre namn som er brukt, er til dømes blankgull, silkjeblom og brurasoleia (brukt i brurakrans saman med andre blomstrar).

Ranunculus acris L.

Kjenneteikn
Fleirårig og varierer mykje i storleik og form. Ein vaksen plante kan verte frå ca. 10 til 70 cm høg. Engsoleie har trevlerot.
Planten formeirar og spreier seg berre med frø. Tal frø er i gjennomsnitt 150 til 900 per plante. Frø spirer godt frå små djup. Engsoleie lagar ein langvarig frøbank.
Blada har 3 til 5 flikar og utan skaft på midtfliken (krypsoleie har skaft). Vanleg engsoleie har som oftast håra stengel. Blomstrane sit i kvastliknande blomsterstand.

Krav til veksevilkår
Trivst på svakt sur jord med høgt innhald av organisk materiale og rikeleg med råme, men veks på dei fleste jordtypane.
Ein finn engsoleie i ulike typar kantvegetasjon, i gamle slåtteenger og beitemark, men og i meir naturleg vegetasjon som strender open skog og grasheier i fjellet.

Les hele faktark her

Forfatter: Gunnlaug Røthe




Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.