Einstape

30.11.2015 (Oppdatert: 14.03.2017) ,  Aukse Drungiliene

Einstape (det latinske namnet Pteridium aquilinium) høyrer til fleirårige vandrande ugras med krypande jordstenglar som er mørke og bortimot fingertjukke. Dei ligg minst 20-50 cm djupt og om lag horisontalt i jorda.

Pteridium aquilinium
Kjenneteikn
Einstape formeirar seg med sporar og krypande jordstenglar som dannar eit stort nettverk. Sporane som modnast i juli-august vert lett spreidde med vind. Planten har enkeltståande blad på lange opprette skaft. Den vaksne planten kan verte 50-150 cm høg. Det finst to underartar av einstape; vanleg einstape og kysteinstape. Vanleg einstape har lysegrøne horisontale blad som gulnar tidleg om hausten. Kysteinstape er litt større enn vanleg einstape og har mørkegrøne meir opprette blad som held seg grøne lengre utover hausten.

Krav til veksevilkår
Vanleg einstape veks i skog, hei, udyrka mark som regel på kalkfattig grunn. Kysteinstape finn ein i kysthei.

Slått
Slått av einstape vil redusera bestanden. To gonger slått per år har i forsøk redusert bestanden med 70 prosent etter fem år. Slått ein gong per år kan også redusera bestanden ,men det går seinare. I same forsøk er bestanden redusert med 55 prosent ved ein slått per år i sju år.

Slåttetidspunkt viktig
Dersom ein slår einstape to gonger per år bør ein slå første gong tidleg på sommaren - i juni. Andre slåtten tek ein seint i juli eller i førstninga av august. Vel ein å slå ein gong per år er juli høveleg slåttetidspunkt.

Knekking
Det har vore prøvd å knekka stengelen nesten av slik at einstape skal lide ein sakte daude, men undersøkingar viser at dette er ein lite effektiv måte å bli kvitt einstape på. Dessutan vil det vera for arbeidskrevjande for større område.

Pisking/hovudkapping
Bruk av 4-5 m lang bjørkepisk for å piske eller kappe hovudet av unge skot tidleg om våren (mai) har gjeve gode resultat i Østfold.

Fjerne planter
Det er ein fordel å fjerna dei avkutta einstapeplantane, for då vert strølaget tynnare og det er mogeleg for frø av andre plantar å spira.

Beitedyr
Beitedyr vil vera bra i kombinasjon med slått fordi dei vil trakka gjennom og forstyrra strølaget og fremja frøspiring av ønskjeleg plantar. Trakkskade frå beitedyr kan lett skade nyspirte einstapeplantar.

Spreiing av husdyrgjødsel
Frå bønder har me høyrd om god effekt av å spreie husdyrgjødsel på einstape.

Les heile aktaark "Einstape ØKO"


Forfatter: Gunnlaug Røthe