Nye krav ved bruk av plantevernmiddel frå 1. juni 2015

16.06.2015 (Oppdatert: 11.12.2018) Aukse Drungiliene

Ny forskrift for bruk av plantevernmiddel trådde i kraft 1. juni i år. Det er spesielt to nye paragrafer som alle bør merke seg. Paragraf 20 som gjeld plikt til å redusere risikoen for vassforureining, og paragraf 26 som gjeld integrert plantevern.

Nye krav ved bruk av plantevernmiddel frå 1. juni 2015
For å redusere risiko for vassforureining er det forbode å bruke plantevernmiddel nærare enn 3 meter frå overflatevatn.

Mot drikkevassbasseng er det sett ein minsteavstand på 50 meter.


Alle brukarar av yrkjespreparat skal setje seg inn i og bruke dei generelle prinsippa for integrert plantevern. Det skal ved all bruk av yrkjespreparat førast journal som syner kva for vurderingar som er gjort, eventuelle prinsipp som er brukt , og ei grunngjeving for val som er tekne.


Du finn heile forskrifta her


Du kan lese meir om endringane og tips til dokumentering her.
Forslag til plantevernjournal finn du her.


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.