Lauvtre og buskar til le, i verharde kyststrok.

31.12.2014 (Oppdatert: 11.12.2018) Olav Martin Synnes

Mange stader på kysten vart det planta mykje sitkagran, lerk og fure i 1960-åra. Mange meiner at det no, i nokre bygder, er nok gran, og at det i nye plantingar bør satsast meir på lauvtre.

Tekst.- Sideklippping gir eit smalare og tettare lebelte. Hekkesaks og stangsag er nyttige reiskapar. Det finst også traktormontert utstyr, for sideklipping og toppklipping.

 

Bilete.- Sideklippping gir eit smalare og tettare lebelte. Hekkesaks og stangsag er nyttige reiskapar. Det finst også traktormontert utstyr, for sideklipping og toppklipping.

 

 

 LAUVTRE OG BUSKAR TIL LE I

VERHARDE KYSTSTROK 

Mange stader på kysten vart det planta mykje sitkagran, lerk og fure i 1960-åra. Mange meiner at det no, i nokre bygder, er nok gran, og at det i nye plantingar bør satsast meir på lauvtre. Det blir hevda at eit meir variert planteval vil gjere landskapet vakrare. Kanskje kan også dyre- og fuglelivet bli rikare.

 

Første forsøket i prosjektet vart lagt til Sunnmøre Forsøksring, på Synnes på Vigra i 1995. Forskarar ved Bioforsk Vest, Fureneset fagsenter, hadde hovudarbeidet med planlegginga.

Når det gjeld utvalet av planteartar, har ein lagt vinn på fleire eigenskapar. Plantane bør tole kraftig vind og sjørokk. Det er ein fordel om plantane kan klare seg i område med beitedyr. Difor er det valt fleire artar med tornar. Nokre artar har matnyttige bær. Vi reknar med at slike eigenskapar vil bli sette pris på av bygdefolket.

Fylgjande artar er med:

Låge buskar 1 - 2 m

Svartsurbær, rynkerose, steinnype, tindved, grønor

Høge buskar 2 - 5 m

Alaskavier, jærvier, hagtorn, svarthyll

Tre 5 - 10 m

Rognasal, gråor, hegg, fuglekirsebær

Høge tre > 10 m

Platanlønn, ask, sommareik, kjempepoppel

 

Plantane står i to rader. Radavstand og planteavstand er ein meter. Plantar i ulike høgdeklassar er fordelt på ein systematisk måte. Av fire tre i rekka, er to buskar, eitt tre og eitt ammetre. Kjempepoppel,  alaskavier og gråor kan nyttast som "ammetre". Desse har under høvelege forhold rask vekst i starten, og gir raskt leverknad for dei andre artane. Seinare skal desse tynnast ut for å gi plass til dei andre artane.

Inntrykk frå første 18 åra.- Gradering etter fallande ”heilskapsinntrykk” i juni 2013 gav fylgjande rekkefylgje:  ask > alaskavier >  jærvier > rognasal >  rynkerose >  svartsurbær, lønn >  gråor > hagtorn > grønor  >  tindved > fuglekirsebær  > hegg > svarhyll  >  kjempepoppel  >  eik > steinnype .

Den dominerande vindretninga er frå vest. Dei første åra etter planting var heilskapsinntrykket betre i planterekka som ligg mot aust, i høve til den rekka som ligg mot vest. Det er også samspel mellom art og rekke. Alaskavier, rynkerose og ask veks om lag like godt i begge rekkene. Kjempepoppel, steinnype og fuglekirsebær treivst mykje dårlegare på vindrekka enn på lerekka. Etter at plantane har blitt større, og beltet har vorte tettare, finn ein ikkje lenger dei same skilnadene mellom leside og vindside. Det var også ein tendens til lågare høgdevekst nærast sjøen. Meir vind og sjørokk er venteleg forklaringa på dette.

 

Alaskavier har hatt svært rask vekst i dette feltet. Dette er ein viktig eigenskap for ammetre. Rynkerose har også utmerka seg med rask vekst. Ei ulempe kan det vere at rynkerose er svært aktiv når det gjeld å sette rotskot. Arten kan raskt spreie seg langt utanfor lebeltet. Rynkerose, tindved og svartsurbær har matnyttige nyper og bær, for folk og fuglar. Kjempepoppel, grønor, fuglekirsebær og hegg har klart seg mindre godt i feltet på Synnes. Dette var mest tydeleg dei første åra etter planting. Hard vind og sjørokk er venteleg viktigaste årsaka til dette. Etter kvart som dei får betre livd, har dei klart seg noko betre. Eika veks seint på kysten av Sunnmøre, og taper i konkurransen i tette plantingar.

Frå og med 2005, blir feltet klipt med hekkesaks langs sidene. Målet er å få smalare og tettare lebelte. Nokre av ammetrea, alaskavier, blir kutta kraftig ned. Dette blir gjort for at dei varige trea, som lønn, ask og asal skal få betre plass. Steinnype vart teke med som vern mot beitedyr. Ei ulempe er kraftige tornar, som skadar nabotre og gjer klipping og ugrasreinhald vanskelegare. Steinnypen er forsøkt fjerna.

Økonomisk støtte er motteke frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og With Endresens skogfond. Prosjektet vil bli langvarig.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.