Stor sverming av stankelbein

29.12.2014 (Oppdatert: 11.12.2018) Olav Martin Synnes

Det var stor sverming av stankelbein på kysten av Sunnmøre, tidleg i juni. Dette var arten "Tipula unca", og ikkje den meir frykta "Myrstankelbein".

Tekst.- Stankelbeinarten Tipula unca liknar myrstankelbein, men er litt mindre. Han er vanleg over heile landet. Han svermar i juni-juli. Det er ikkje påvist at arten gjer skade på jordbruksvekstar.

 

STOR SVERMING AV STANKELBEIN I JUNI 2014

Første veka i juni, samstundes med at førsteslåtten tok til, var det uvanleg stor sverming av stankelbein i ytre strok av Sunnmøre. I fylgje insektforskar Trond Hofsvang, Bioforsk Plantehelse på ÅS, er dette ikkje den «frykta» arten myrstankelbein, Tipula paludosa. Det latinske namnet er Tipula unca. Norsk namn manglar. Han er vanleg over heile landet, og trivast i fuktig jord i skog og grasmark, og gjerne nær vatn. Han svermar i juni-juli. Så vidt ein veit, gjer denne arten ikkje skade på jordbruksvekstar. Den store sverminga første veka i juni, i ytre strok, er såleis ikkje noko varsel om komande skade i grasmark.

 

Myrstankelbein er den einaste arten av stankelbein der ein har påvist skade på jordbruksvekstar. Myrstankelbein er påvist i heile landet, nord til Bodø, og er særleg vanleg på Vestlandet. Han svermar normalt i august. I fylgje Hofsvang er det i tidlege år påvist sverming i slutten av juni, altså mykje seinare enn T. unca.

 

Det finst mange artar av stankelbein i Noreg. Kunnskapen har vore mangelfull, til no. Trond Hofsvang har gjennomført eit omfattande kartleggingsarbeid gjennom fleire tiår. Kanskje kjem det ei bok om «Stankelbeinartar i Noreg», om eit par år?

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.