Skjøtselplanar for naturtypane slåtteeng og kystlynghei

23.09.2014 (Oppdatert: 14.03.2017) , Astrid Sandvik

Økonomiske verkemiddel er innført for å ta vare på artsrike gamle slåttemarker og verdfulle kystlyngheier i landet.

Sviing i Bremanger hausten 2013 (Foto: Astrid Sandvik).

Landbruksrådgjevarar i NLR i lag med aktuelle brukarar lagar skjøtselplanar for naturtypane slåttemark og kystlynghei. Ein skjøtselsplan skal skildra dei spesielle verdiane som ligg til grunn for registreringa i Naturbasen, den tradisjonelle bruken av området og framtidige skjøtselstiltak. Ein slått på seinsommaren er viktig for slåttemarka, og beiting kombinert med lyngbrenning er sentrale skjøtselstiltak for kystlynghei. Ein skjøtselplan er eit godt grunnlag når brukaren skal søka om midlar og gjera avtale med Fylkesmannen om skjøtsel. I sist utgåve av Bondevennen (Nr 38-19.sept.) kan du lesa heile artikkelen.

Artikkelen i Bondevennen finn du her.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.