Prosjekt "Koeien en Kansen" (moglegheiter med kyr)

30.08.2013 (Oppdatert: 11.12.2018) Torleif Bakke Haavik

I Nederland har mjølkenæringa gjennom prosjektet "Koeien en Kansen" (moglegheiter med kyr) sett fokus på ressursutnytting i mjølkeproduksjonen.

Bakgrunnen for prosjektet er at næringa sjølv ynskjer å liggja i forkant i høve til miljøkrav som næringa vert pålagd av myndigheitene, og samstundes sikra omdømet til næringa blant forbrukarane.

Bart van Gool, som sjølv opphavleg kjem frå Nederland, har i sumar vitja heimlandet og sett nærare på prosjektet "Koeien en Kansen" som på norsk betyr "moglegheiter med kyr". Han har laga ein artikkel om prosjektet, og heile artikkelen (som òg har vore på trykk i Bondevennen) finn du ved å klikka her      



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.