Sterke insektangrep på selje

04.08.2013 (Oppdatert: 11.12.2018) Olav Martin Synnes

Angrep av seljebladbille på Sunnmøre

 

BLADBILLER PÅ SELJE

Langs bilvegen frå mellom Sjøholt og Ålesund på Sunnmør ser ein no brune visnande trekroner.  Ser ein nøye etter, vil ein oppdage at det er selje som er angripen.  Skaden skuldast angrep av bladbiller. Både vaksne  biller og larvar  et på blad.  No - i byrjinga av august - er det berre larvane som er aktive.

Heile trekronene er angripne. Angrep eitt år, vil ikkje ta livet av trea. Om det blir angrep fleire år på rad, kan trea bukke under.

Mest sannsynleg er det seljebladbilla som herjar på Sunnmøre i år. Denne arten kan likevel forvekslast med pilebladbille.

Larven er om lag 1 cm lang. Han et bladhuda, og lagar "vindaugsgnag".

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.