Gode vekstvilkår for grønsaker i år

21.09.2012 (Oppdatert: 11.12.2018) Gunnlaug Røthe

Grønsaker er populær mat. Men det er vanskeleg å få tak i lokalproduserte, for det er få som dyrkar grønsaker i Hordaland. NLR Hordaland har planta/sådd ulike grønsakarter hjå økobonden Knut O. Dugstad på Voss, og her har det vore gode vekstvilkår i år. Dette såg ein også på markdagen 17. august.

Demofeltet er dyrka økologisk med økologiske utplantingplanter kjøpt frå Sogn Jord og hagebruks-skule. Det er planta og sådd vanlege artar saman med tre nyare grønsakslag. Grønsakfeltet er gjødsla med rikeleg husdyrgjødsel, noko som hovudkål og blomkål set pris på. Det er viktig med bor til grønsaker og det finst fleire middel som kan brukast. Dette er også tillate i økologisk dyrking. På feltet er det brukt boraks. Det meste vart planta og sådd 31. mai.

Kari Bysveen som er ny tilsett i eit samarbeidsprosjekt innan potet og grønsaker, tok turen frå Aurland for å dela sin kunnskap og erfaring.

Vinterreddik er svart utvendig og kvit inni, har god lagringsevne. Smakar mildt, men kan variere i smak. Kan brukast i salat. Direktesådd.

Persillerot er ein gamal kulturplante som treng lang vekstsesong. Persillerot har kvit rot med lysebrune striper og liknar litt på pastinakk, men er mindre. Rota kan brukast i supper og liknande, og smakar søtt. Persillerot vart sådd på friland 31. mai.

Skorsonnerrot,svartrot eller fattigmanns asparges er ei gamal grønsak. Denne arten vart dyrka på 1600-talet. Rota er
svart men kvit inni. Det er aukande interesse for dette grønsakslaget i dag. Smaken er søt og nøtteaktig. Denne er
også sådd direkte.

Brokkoli bør ein så fleire gonger slik at ikkje alle hovuda kjem samtidig. Larvene til kålmøll er glad i brokkoli og kryp inn i hovudet. Brokkoli må dekkast med duk for å unngå dette. Sorten i feltet er Belstar.

Nye artar som salatplantane ruccola, mizuna og red giant har svært kort veksttid. Desse bør såast direkte på friland i til ulike tidspunkt elles vert det fort blomster. Vil ein ha noko av desse artane klart svært tidleg kan ein så inne og plante ut.

Knutekål kan brukast som kålrot, men har ein mildare smak. Det finst både grøne og fiolette. Sorten Azur Star er brukt her.

Parel er ein god sommarkål sort med god søtsmak. Vinterkålen Dottefelder Sauer er også søt og fin men den treng lang veksttid.

Blomkål vert ikkje så utsett for insekt i hovudet som brokkoli. Her er sorten GoodmanFor å ha best mogeleg kontroll med ugraset bør ein velja ein god forkultur som konkurrerer godt med ugraset. Raigras er ein god vekst å bruka året før grønsaker. I kulturar som konkurrerer dårleg med ugraset kan ein bruka maisplast. Denne er som namnet seier framstilt av mais og er nedbroten til neste vår. Kveke kan vekse gjennom maisplasten. Ved planting bør ein laga mest mogeleg «reint»hol i plasten, ikkje rive hol, det vil gje raskare nedbryting. Maisplast kostar i underkant av 2 kr per kvm.

Ugraset er ei utfordring i radkulturar. På Dugstad er det gått gjennom feltet med hjulhakke. Det er viktig ikkje å ta for djupt med hjulhakke, maks 2 cm og i tillegg er det luka for hand. Det er viktig å koma tidleg i gang med ugraskontrollen. Flamming er også aktuelt for å regulera ugraset, mest aktuelt til gulrot og løk.

Feltet viser at det er mogeleg og dyrka mange ulike artar grønsaker. Det krev at ein tenkjer på kva ein dyrkar året før grønsaker i høve til ugraskontroll, og er aktiv for å regulere ugraset tidleg etter planting/såing. Utanlandske arter som
salattypen mizuna veks også godt.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.