Ugraskamp i haust

24.08.2012 (Oppdatert: 11.12.2018) Mari Aker

Hausten er tid for planlegging av neste vekstsesong. Vi er nå inne i siste fase for å kunna gjera noko med ugraset dette året. Kva tiltak er aktuelle i haust?

Kveka kjem i attlegget! I denne bakken vart det tatt ein sein 1. slått; gjenveksten vart brakka og fresa. Det vart tromla, sådd og tromla i slutten av juli. Har ein brakka for tidleg på gjenveksten eller latt det gå for kort tid til fresing?

 

Les teksten under eller artikkelen med bilder i pdf-format her

 

 

Kveke i eng som skal fornyast?

Kvekemengda aukar normalt utover i engåra. Ei djup pløying vil reduserebestanden av kveke. Kvekerøter med meir enn 10 cm jorddekking spirer bare iliten grad. Brakking hausten før ein skal legge att er det sikraste. For å fåtilstrekkeleg verknad må graset vera i god vekst. Etter ein normal andre slåtter det aktuelt å sprøyte no i september.

Einkan også oppnå godt resultat etter ein tidleg tredje slått. Vent då medsprøyting til graset har fått vekse opp. Kveka er blant dei grasa som sluttarveksten tidlegast om hausten, men du kan sprøyte så lenge det enno er god fargeog vekst.

Dersomein ikkje skal pløye attlegget til våren bør ein sprøyte om hausten både for ådrepe ugras og for at grastorva skal bli nedbroten og smuldre lettare.

Brakking aveng med høymole og krypsoleie

Glyfosatprodukt verkar svakare på høymole og anna tofrøblada ugrasenn på grasartar. Her bør du dobla doseringa av Roundup eller blande med Ally,MCPA eller Starane XL (sjå tabell 1).

Tabell 1. Tilrådd sprøytemiddel og dose ved brakking av eng

 Ugras

Middel

Dosering/ daa

Kr/daa

Dosering/10 lvatn1

Kveke, lyssiv

Roundup2

400-500 ml

16 - 20

100-125 ml

Høymole

Roundup2+ Ally

400 ml +1/20tabl

16 + 7

 

Høymole

Roundup2+StaraneXL

400 ml + 200 ml

16 + 40

100 ml + 50 ml

Trønske (krypsoleie)

Roundup2+ MCPA

400 ml + 200 ml

16 + 20

100 ml + 50 ml

1Ved bruk av ryggsprøyte reknast40 litervæskemengde prdaa.   2Eller tilsvarande middel medGlyfosat

 

Rotugras i enga

Høymole, tistel, løvetann, krypsoleie medfleire kan sprøytast om hausten når dei har utvikla bladrosett og medan detenno er så pass varmt at det er aktivitet i plantene.

 

Aktuelle middel er Ally 50 ST, StaraneXL, Mekoprop + MCPA og Gratil. Gamle høymoleplantar må ofte sprøytast to år pårad fordi sidekroner ofte overlever første behandling. Ally er tøff motfleirårig raigras og hard mot kløver, men har god verknad mot høymole,vassarve, løvetann og hundekjeks. Gratil har hatt god verknad mot høymole omhausten men dårlig verknad mot andre ugras. Gratil er akutell i eng der ein vilskåna kløveren, men kan vere tøff mot engsvingel.

Allemidla set ned avlinga på graset, men haustsprøyting er ofte den metoden somreduserer totalavlinga minst. Mekoprop og MCPA inneheld fenoksysyrer som kanpåverke overvintringa negativt.

 

 

Tabell 2. Blandingsforhold ved allsidig ugrasflora

Ugras

Middel

Dosering/ daa

Kr/daa

Høymole, trønske, engsyre og brennesle

Ally 50 ST eller

Starane XL

0,4 g

180 ml

7

38

Høymole, trønske, engsoleie, lyssiv, vassarve og hundekjeks

Mekoprop3+ MCPA

200 ml + 200 ml

45

3Optica Mekoprop og Duplosan Meko er ulike handelsnamn til Mekoprop.

 

Bekjempe frøugras i enga om hausten?

I nysåddattlegg der ugrasmengda er så stor at det går ut over etableringa, kan det veranyttig å sprøyte. Ugras som vassarve, gjetartaske og balderbrå kan leva overvinteren og gjera skade i neste års eng eller beite. Haustsprøyting på dessekan også vera aktuelt, men tidleg vårsprøyting straks etter vekststart har oftebetre verknad.

 

I attlegg med kløver oppnår ein best resultat og lågast kostnadper dekar ved å bruka Express (i blanding med MCPA). Express er spesielteffektiv mot vassarve. Blandinga medMCPA gjer at midla skånar raudkløveren. Om ein har kvitkløver i enga må einsprøyta med Basagran. Er det problem med små høymoleplanter eller lyssiv tilrårme Gratil blanda med MCPA.

Tabell 3.Tilrådde middel i attlegg med kløver

Middel

Dosering/ daa

Kr/ daa

Dosering/10 lvatn

Express + MCPA

0,1 tablett/0,75 + 50ml

12

 

Gratil + MCPA

2-3 g+ 50 ml

22-29

0,5-0,75g + 12 ml

Basagran MCPA / M75

350-400 ml

56-64

75-100 ml

 

Kveke iradkulturar (potet, rotvekstar, grønsaker m.m.).

I desse kulturane kan ein nytta kvekemiddel som Agil eller FocusUltra i veksttida. Men dette er både dyrare og mindre effektivt enn ei godkvekehandsaming hausten før. Ei sprøyting til rett tid med Roundup vil ta det mesteav kveka, men samstudes også gjera at grastorv og tuver vert raskare nedbrotneslik at jorda smuldrar godt neste vår. Alternativet er ei sein vårsprøyting førsåing/planting.

Optimale forhold ved brakking haust

Plantene må ha god vekst. Kveka bør ha minst 3-4 blad (kveke sluttarveksten tidleg om hausten). Plantene må ikkje vere våte når det vert sprøyta,men litt fuktighet (dogg) er bra. Den relative luftråmen bør vera høg. Det må ikkje vera utsikt til regn dei førstetimane. På hausten er det bra å sprøyte på dagar som får høg temperatur; helstopp i 15 grader. Litt nattefrost hindrar ikkje god verknad, men fleire nettermed mykje frost stoppar veksten i plantene og dermed uteblir verknaden motkveke.

Doseringa bør vere i det øvre intervallet på etiketten. Bruk ca 20liter væskemengd pr. daa. Om hausten må du vente ca. 2 veker før evt. jordarbeiding.

Haustattlegg

Attlegg om hausten bør såast seinast rundt 20. august i indrestrøk og ca 1. september i ytre strøk. Mange har bra erfaring også med seinaresåing, men det blir fort meir usikkert, både når det gjeld store nedbørsmengderfør graset er godt etablert, og at hjorten kan gjere større skade utoverhausten i heilt nyspirte attlegg. Låg temperatur etter såing gir dårlegarekonkurranse mot tunrapp (og kveke). Sein såing vil, sjølv om det elles blirvellukka, gje mindre avling neste år.

 

Det er ofte viktig med brakking på god gjenvekst for å bekjempekveka før fornying av eng. Det vil såleis ikkje vere mogeleg med 2 slåttar,venting på gjenvekst, brakking, venting før jordarbeiding, og såing av nytt attleggfør 20. august. Dei beste haustattlegga vil såleis bli etter berre ein slått.Då har ein god tid til å vente på god gjenvekst før brakking, og ein har ogsåbra margin når det gjeld tid elles, også det å vente på lagleg ver tiljordarbeiding og såing.

 

Deisom har planar om attlegg no på areal som er hausta 2. slått på, bør såleistenkje seg vel om. Er det mykje kveke i den gamle enga, så er det brakkingrundt midten av september, og attlegg neste vår som er løysinga.

Prisar på plantevernmiddel i tabellane er ikkje oppdatert for 2012.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.