Godt haustbeite er gull verdt

20.08.2012 (Oppdatert: 11.12.2018) Leif Trygve Berge

Godt haustbeite til lam som ikkje er slaktemogne er svært viktig for godt resultat. Litt bruk av nitrogengjødsel nå kan vera gull verdt

Kva verdi har haustbeitet etter ei frostnatt?
 

Gode haustbeite er gull verdt

Sauesankinga er snart i full gang og beitesesongen i fjellet tyder på god tilvekst på lamma. Dette skulle tilsei at det i år vert fleire lam som er slaktemogne rett frå fjellbeite.

Likevel vil det av ulike grunnar vera lam som ikkje er slaktemogne og som treng fôrast lenger. Desse lamma samt lam til påsett og åringar som har gått med lam treng god fôring.Godt haustbeite til desse gruppene er oftast innmark med god plantevekst med gras og kløver og som er gjødsla oppatt etter håslått.

Me tilrår gjødsling med omlag 4 kg N/dekar, td 15-20 kg 25-2-6. Denne vesle gjødslinga vil vera ”gull verdt” og vil gje auke i avling, energi- og protein med betre lammetilvekst som resultat. Det er og fleire som hevdar at slik svak overgjødsling med fullgjødsel nå gjev betre overvintring av graset.

Ta gjerne kontakt om du vil gjere endringar i gjødsel planen din og/eller leggja nye strategiar for fôrproduksjonenhttp://hordaland.lr.no/raadgivingstilbod/jordproever-og-gjoedselplan/

 Kraftfôr som tilleggsfôr (avgrensa eller fri tilgang) til haustbeite er brukt med gode resultat når lam skal fôrast opp for auka vekt og slakteklasse. Slik tilleggsfôring kan gjerne halvere oppfôringstida.

Kanskje ser du føre deg ei stor kraftfôrrekning om beitet ikkje strekker til? Det syner seg i praksis og dokumentert med forsøk referert i Sau og Geit 4/2008 at svært godt surfôr kan ta plassen for mykje kraftfôr. Men då må ein vite noko om kvaliteten og om kor ein finn td rundballane med høg fôringsverdi. Gras hausta ved og etter byrjande skyting er i følgje forsøka ikkje godt nok til dette føremålet. Er du i tvil om kvaliteten og fôringsregimet? Me i NLR Hordland kan hjelpe til ved uttak av fôrprøve og tolking av analyseresultata ved bruk av Surfôrtolkenhttp://hordaland.lr.no/raadgivingstilbod/surfôrproever-med-tolking/

 Trivsel er viktig for å få god tilvekst og i våte haustar blir tilveksten på lamma lågare.

I lokale forsøk i Kvam frå tida «Best på sau» fekk lam som fekk vera ute på gode haustbeite om dagen og inne om natta med tilgang til surfôr og avgrensa kraftfôrtildeling (0,5 – 0,7 kg kraftfôr/dag) beste tilveksten når hausten var våt.

Ein ikkje uvesentleg tilleggseffekt var og at det vart betre gjennvekst neste vår på innmark fordi areala ikkje vart så snaugnagde og opptrakka som dei ofte plar vera ved kontinuerleg beitedrift i vått ver.

 Ugjødsla kulturbeite og gamal eng med til dels visna gras er best eigna for vaksne sauer som skal avslutta mjølkeproduksjonen. Og som me veit avtar beitekvaliteten og grasmengda raskt utover hausten. Og så kan de tenkja litt på og gjera eigne vurderingar på kva verdi beitegraset har etter ei frostnatt?

 Sjukdomsførebygging

Vurder om det er behov for snyltarbehandling (utvortes/innvortes) og vaksinering mot Klostridieinfeksjonar (pulpanyre, stivkrampe og bråsott). Her er dine eigne erfaringar, ny kunnskap, avføringsprøvar og vurderingar frå veterinær det som bør avgjere om dyra skal behandlast eller ikkje.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.