Roundup farlegare enn vi trur?

30.01.2012 (Oppdatert: 11.12.2018) Einar Tvedt

Dr. Don Huber ved Purdue universitetet i Indiana, har forska og undervist jordbruksfag som mikrobiologi og plantepatologi i 35 år. Han åtvarar mot glyfosat, "det mest misbrukte kjemikaliet i historisk tid, verre enn DDT!"

Glyfosat, eit chelat

Glyfosat vart patentert i 1964 og  blei teken i bruk som sprøytemiddel i 1974, Det er ein chelator, dvs det grip fat i positive metall -ion og held desse fast, dermed vert så mange som 25 enzym hemma, vekst og forsvar hos planten fell saman, og dei dør, gjerne pga jordbuande bakterier, i steril jord overlever planta. Dr.Huber seier at nedbyting av glyfosat ikkje er utgreidd, og at han heller vil bruka  DDT, om ein måtte velja.

 

Jordliv 

Det er ikkje berre mikronæringstoffa i plantene som blir bunde, også mikroorganismane i jorda, slike som rhizobium-bakteriane, blir skadde av glyfosat. Ei frisk jord kan komma i balanse att, men fleire gongers bruk av glyfosat kan fjerna ønska organismer heilt, slik at jorda må smittast på ny for å vera brukande. Dr. Huber nemner Aids som bilde på kva glyfosat gjer med jorda, gode organismer dør, og dei dårlege som fusarium, får overtaket.

Glyfosat i maten

Mest aktuelt er dette når ein bruker genmodifiserte planter + Roundup i denne grøda, heldigvis er ikkje dette vår kvardag - enno.  Glyfosat vil verka negativt på tarmfloraen, og Huber mistenker at det kan akkumulerast i kroppen. - Her er intervju med Dr. Huber i to delar(og nesten 2 timar!):

Del 1

Del 2

 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.