Haustalveld skuldast ikkje rome

14.09.2011 (Oppdatert: 11.12.2018) Øyvind Vatshelle

Alveldsymptom om hausten skuldast forgifting av perikum, lupin eller overgang frå umarksbeite til næringsrikt håbeite. Sjukdommen er mindre alvorleg enn ekte alveld. Eit par dagar innandørs kan vere tilstrekkeleg behandling.

Tekst: Øyvind Vatshelle, NLR Hordaland og Astrid Sandvik, NLR Sogn og Fjordane

Symptoma på vanleg alveld syner seg i juni-juli og skuldast rome, truleg i kombinasjon med ein annan faktor. Romeplanta kan gi skade på levra, særleg hos unge lam, slik at dei blir ømfintlege for lys. Dersom ein ser alveld-symptom om hausten, er dette ein annan sjukdom som òg gjer dyra ømfintleg for lys. Symptoma er liknande, men levra blir ikkje angripa.

Dersom ein sau hovnar opp rundt auga og mulen om hausten skuldast dette ikkje rome, som ein gjerne skulle tru.

Alveld-symptom

At lamma rister på hovudet, klør, og hovnar opp er typiske tidlege alveld-symptom. Øyra blir tunge og heng ned. Etter kvart kan det bli bakterieinfeksjon og væskande sår. Dyra prøver å komme bort frå sollyset, og dei kan bli blinde.

Saftig haustbeite eller giftige planter

Nokre av tilfella med haustalveld skuldast forgifting av plantene lupin (frøa er mest giftige) og perikum. Vanlegvis vil beitande dyr vrake skadelege planter, men kan ete dei i periodar med lite beitetilgang, men også dersom det er stor utbreiing av desse plantene på beitet.

 
Perikum (til venstre) og lupin (til høgre) kan gi forgifting hos sau, slik at dyra blir ømfintlege for lys.

Det er òg relativt vanleg at lam får haustalveld når dei blir flytta frå utmarksbeite til næringsrikt håbeite eller rapsbeite. Ei mogleg forklaring er at levra ikkje klarar å omdanne store mengder klorofyll på same tid. Sjukdommen er mindre alvorleg enn ekte alveld. Eit par dagar innandørs kan vere tilstrekkeleg behandling for haustalveld.

Ta kontakt dersom du har opplevd haustalveld! Vi vil gjerne høyre erfaringar.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.