NLR Vest tilbyr ulike rådgjevingspakkar. Vi tilbyr NLRpluss Grovfôr, NLR Surfôrtolken, NLR Grovfôrøkonomi og NLR Klimaråd. Sjå vidare her, og meld deg på!
Det er aukande interesse for jord og jordhelse med omsyn til klimapåverknad og karbonlagring. Ulike undersøkingar er sett i gang, for mellom anna å finna tiltak som er bra for jorda og jordhelse under norske tilhøve. Innhaldet av organisk materiale og karbon er ein viktig faktor for god jordhelse. I jorda på Vestlandet er dette jamt over høgt på grunn av mykje eng. Kompost er positivt for jordlivet, og kompostering av vrakfôr tilsett lauvtreflis, litt fast møk og gjerne litt friskt gras er både god utnytting av ressursane på garden og viktig for krinslaupet av næringsstoff. Kompost tilfører sopp og organisk materiale til jorda og dette er god mat for mikroorganismane.
Landbruket har førebels som einaste næring frivilleg inngått avtale med regjeringa om kutt i utslepp av klimagassar, tilsvarande 5 millionar CO2-eq. Bruken av maskiner som forbrenn fossilt brennstoff er stor i landbruket, og maskinparken er dermed sentral i arbeidet for å nå kuttet i utslepp av klimagassar. Spørsmålet er då, korleis kan utvikling og bruken av landbruksmaskiner bidra her?
Interessa for småskala dyrking av grønsaker for sal gjennom lokale salskanalar har auka betydeleg i Noreg. Fleire forbrukarar ynskjer å få kjøpt grønsakene sine utanom dei store kjedene.
*Inntil 1 time gratis telefonrådgiving *40 % rabatt på timepris på rådgiving *Rådgivingsmeldingar pr e-post, ca 15 stk pr. år *Tilgang på fagstoff på nettsida vår *Om lag 30 % rabatt på alle kurs- og møteavgifter
HMS-teneste
HMS er ei betalingsteneste, der ein betaler ei fast årleg godtgjersle for eit treårig opplegg: *Besøk av HMS-rådgjevar på garden *Time hos bedriftshelsetenesta *Invitasjon til HMS-fagmøte eller tilsvarande
Medlemspengar i 2020:
*Grunnkontingent kr 1 200,- per år *Arealkontingent grovfôr kr 5,30 per dekar *Arealkontingent frukt og bær kr 43,00 per dekar *Arealkontingent grønsaker og potet kr 37,50 per dekar *Maksimalkontingent kr 2 200,- per kultur