Gapahuk 6-8 personar


Dette er ein enkel gapahuk med plass til 6-8 personar som høver godt ute i skogen, ved elva, på eit utkikkspunkt eller rett og slett heime i hagen.

Er du medlem i eit elveeigarlag, eller leiger ut jakt på garden, er dette ein bygning som er midt i blinken for å utvide tilbodet ditt. Her kan fiskarane og jegrane setje seg ned å leggje slagplanar for dagen eller møtast for å utveksle lett overdrivne jakt og fiskehistorier.

Å byggje ein gapahuk sjølv med eigne materialar, om du skulle vere så heldig å ha det, er ikkje uoverkomeleg. Med detaljerte kapplister og arbeidsteikningar skal dette gå som ein leik.
Om du ønskjer ein annen type gapahuk etter eige ønskje, teiknar vi gjerne det også.

Medlemspris for teikningar til denne gapahuken er kr 1750,-. Pris for andre er kr 2 900.-
For eigne tilpassa teikningar er prisen kr 900/1500 per time.

Ta kontakt for meir info.

Bestill byggteikningar her

Salsbilde gapahuk
G Apahuk 1 Picture1