Kolbjørn Taklo

Eg har aldri visst kva eg skulle bli når eg vart stor. No er eg snart ferdig med 50-åra, og har jobba over 25 år med helse miljø og tryggleik i landbruket, so då var det vel det eg vart, HMS-rådgjevar.

Ja, utruleg nok så hender det meg og. Avvik heiter det på fint, og i verste fall kan det vere inngangen til ei alvorleg arbeidsulukke. Difor er det viktig å registrere avvik tidlegast råd, handtere dei i lag med familie eller tilsette, og lukke dei med kloke endringar for å førebygge framtidige hendingar.

KSL spør: «Har du eit system for å registrere og følgje opp eventuelle avvik i arbeidet på garden». Ja, svarar vi, for det er det enklaste å svare. Men korleis er det eigentleg? Kor mange avvik har du registrert i arbeidet ditt siste år? Har du hatt avvik eller situasjonar du såg kunne bli farlege? Når eg spør ute på HMS-besøk om avvik, så svarar dei aller fleste: «Nei, eg kan ikkje kome på noko spesielt.» Likevel ligg landbruket framleis i høgste skåra når det gjeld alvorlege ulukker i arbeid. Og når ein berre får tenkt litt, så kjem episodane ôg, men då ofte om uhell som har skjedd, og då er det litt seint å notere avvik.

Nokre avvik vert nok registrert ved eigenrevisjon i KSL, men i den praktiske kvardagen er det lite registrering av avvik før det er alvorlege hendingar. I andre bransjar vil dette kanskje vere definert som ulukker, og avvik ville vore registrert og lukka før hendinga kunne skjedd.

Å registrere avvik er det første du bør gjere når du ser at det som er tenkt ikkje stemmer med planen, eller måten du tenkte å gjere det på. Viss du stoggar og korrigerer her, så kan du hindre ein potensielt farleg situasjon. «Men då blir det jo avvik heile tida då?» Ja, det trur eg nok er sant, i alle fall ein periode, og difor gir vi opp avviksregistreringa før vi har begynt. Og då blir det slik at det går godt, heilt til det går skikkeleg gale, og ingen veit heilt når det kan skje. Og slik kan vi ikkje ha det. Nokre gode råd om avvik:

  • Tenk på avvik som viktige påminningar til deg sjølv
  • Registrer avvik med ein gong du ser at dette går ikkje etter planen
  • Finn din måte å gjere det på, bruk telefon, ta bilde og skriv litt, eller noter ein eller annan stad
  • Avvik som skjer under arbeid må takast tak i med ein gong, og det må korrigerast straks
  • Del avvika dine med familie, tilsette, andre bønder, det kan berge liv og helse
  • Få hjelp til arbeidet med avvik og HMS. Har du skaffa deg HMS-avtale med NLR?

1. februar gjekk startskotet for kampanjen «Saman for tryggleik og overskot» i regi av Norsk Landbruksrådgiving. Kampanjen vert støtta av faglag og styresmakter og målet er å få dykk bønder til å ta betre vare på eigen tryggleik og eiga helse i arbeidskvardagen. Å behalde helse og arbeidsevne er heilt avgjerande, og altfor viktig til at du skal ordne alt sjølv. Det er på tide å skaffe seg HMS-avtale i NLR og få på plass din eigen HMS-rådgjevar som kan hjelpe deg med avvikshandtering, risiko og vernerundar, og som stiller dei viktige spørsmåla: Korleis har du det? Går det bra med deg? Kva kan eg gjere for deg?

Lukke til med avvikshandteringa. Ta vare på deg sjølv, og hugs at beste bonden har flest avvik. Vi snakkast gjerne?

Eg avsluttar med eit dikt av Jan Magnus Bruheim:

Ettertanken

Jamt kan det hende,

helst når eg har hast

og ikkje ser meg føre,

at eg går meg fast.

-----------------

Og noko som eg

gjorde eller sa

og sidan angrar,

gjer meg ikkje glad.

----------------

Då kjenner eg

kor tregen rispar

liksom klør

og ynskjer inderleg

at ettertanken

skulle kome før!

Facebook annonser HMS 02