Heldigvis har me ikkje funne mykje stankelbein i år. Men i enkelte gjenlegg finn me likevel stankelbeinlarver. Teikn på at det er angrep av stankelbein er at områder av gjenlegget er heilt daudt. Det veks verken gras eller ugras. Dersom du i tillegg grev litt i jordoverflata, i kanten av det daude området, vil du finne stankelbeinlarver.

Stankelbeinlarvane vil vere larvar fram til om lag st. hans. Då vil dei gå over i pupper før dei vert flygande stankelbein. Dersom du har angrep av stankelbeinlarvar er det derfor ikkje noko poeng i å så på ny før larvane har gått over i puppestadiet og har slutta med å ete.

Dessverre er det lite me kan gjere med eit slikt angrep. Enkelte gardbrukarar har positive erfaringar med å tilføre 40-50 kg brentkalk etter at det har blitt mørkt (larvane kjem fram når det er mørkt), eller tilførsel av 15-20 kg kalksalpeter som eit mottiltak. Dette har me imidlertid verken forsøksresultat eller andre handfaste bevis på at fungerer. Men me kan heller ikkje finne negative konsekvensar av desse tiltaka.

20220530 094446
Alle foto: Randi Hodnefjell
20220530 094859
Alle foto: Randi Hodnefjell
20220530 094855
Alle foto: Randi Hodnefjell