Amund Berge Johan Berge Torstein Berge Alva Samdrift Gunstein Dyrdal i NLR Vest Foto Siri Josefine Mo
Amund Berge, Johan Berge og Torstein Berge i Alva Samdrift har god nytte av drøftingar med presisjonsrådgjevar Gunstein Dyrdal i NLR Vest. (Foto: Siri Josefine Mo)

I ein verden med stadig nytt og meir avansert utstyr, kan det vere vanskeleg å ha god oversikt over kva som eignar seg best for din gard og produksjon.

– Dette med GPS er forholdsvis nytt for oss. Vi kjenner lite til kva slags avgrensingar og moglegheiter det er. Difor var vi i kontakt med Norsk Landbruksrådgiving for å få informasjon om korleis vi skulle komme i gang, fortel Torstein Berge i Alva samdrift. Samdrifta består av Johan Berge, Ingvild Berge og Per Ivar Skåre.

I 2018 sto nytt fjøs med mjølkerobot klar. Store mengder presise data er difor ikkje ukjent for stryningane, men dei såg behov for hjelp med å kome i gang. Saman med NLR-rådgjevar Gunstein Dyrdal har dei sett på moglegheitene på garden, ut i frå ambisjonar, maskiner og aktuelle investeringar, gjennom tenesta NLR Oppstartsråd presisjonslandbruk.

NLR Dekningsbilen sjekka dekning

Alva samdrift ligg i Erdalen, i Stryn kommune i Vestland, omkransa av 1400 til 1900 meter høge fjell. Dei var difor usikre på kva slags posisjonssystem som får inn signal der.

– Første steg blei å få dekningsbilen på plass. Den kom i juni i 2021, og vi fekk konstatert at ja, det er høge fjell her, men viss vi gjekk for løysninga med RTK så vil vi kunne ha eit veldig godt opplegg, fortel Torstein. Gunstein har også vore til hjelp i valet av utstyr.

Samdrifta gjekk til innkjøp av eit RTK-basert system med rattmotor og full pakke, som dei har prøvd i år både ved sprøyting og på slåmaskin. Og det med godt hell. Dei ser for seg at det vil bli aktuelt å bruke systemet på fleire operasjonar etter kvart.

– Det vil vere veldig gunstig. Og så ser vi for oss eit løp vidare framover der vi tek i bruk faste køyrespor, slik at all køyringa går i dei same spora år etter år. Men det krev mykje, både i planlegginga og på investeringsfronten. Då må vi ha maskiner og reiskap som jobbar på dei same arbeidsbreiddene, seier Torstein. Saman med Gunstein har dei bestemt seg for å ta nokre steg kvart år, i staden for alt i eitt stort byks.

Utstyret dei har no kan flyttast mellom fleire traktorar. Bøndene er samde om ikkje ta heilt av på maskininvesteringane. Dei to stortraktorane er på kring 130 hk, og det får klare seg. Men neste ny-traktor får nok integrert autostyring. Og øvst på investeringsplanen no: Ny gjødselspreiar med seksjonskontroll og kantspreie-utstyr.

Torstein Berge Gunstein Dyrdal Foto Siri Josefine Mo
Gjødselspreiaren er eit diskusjonstema når Gunstein er på besøk i Erdalen. (Foto: Siri Josefine Mo)

Meir effektiv grashausting

Med ei mjølkekvote på 600 000 liter og framfôring av oksar, har grovfôrproduksjonen i samdrifta stort fokus. Etter å ha delteke på eit webinar om faste køyrespor i regi av NLR, fann dei ut at nettopp det kunne vere med å effektivisere slåtten for dei.

– Vi ser vi har forbetringspotensial på grasproduksjonen vår, og spesielt slåinga. Vi har ein del veldig firkanta skifter som burde vore enkle å slå effektiv. Men vi klarer aldri å slå heilt beint. Så på alle holmane vi lagde, fekk vi ein del dobbelkøyring. Då tenkte vi at det kunne vore aktuelt å ha noko som hjelper oss med å gjere dette meir effektivt, forklarer Torstein. Dei såg det spesielt godt på eit skifte det var gjenlegg.

– Vi slo det litt skeivt, men så retta vi det opp då vi køyrde med samleriva. Då viste det veldig godt at vi hadde køyrt der med forskjellige vinklar. Med rattmotor og autostyring, er samdrifta eit skritt nærare ei meir effektiv grashausting.

Betre oversikt

I tillegg til meir effektiv hausting, håpar bøndene i Erdalen at meir presist utstyr skal gjere dokumentasjonskrava endå enklare å ha orden på.

– Den tida vi bruker i etterkant av ein aktivitet på jordet, på å notere sprøyting, gjødsling, kva det måtte vere, kan brukast på noko anna. Det er vanskeleg å vere så nøyaktig som ein bør vere. Då er det enklare å gå inn i eit system og hente ut korrekte data med ein gong, seier Johan Berge om dokumentasjonen som heile tida må vere på stell.

Torstein Berge Gunstein Dyrdal traktor Foto Siri Josefine Mo
Med rattmotor og autostyring er samdrifta eit skritt nærare ei meir effektiv grashausting. Gunstein Dyrdal bistår gjerne Torstein Berge med det tekniske på traktoren. (Foto: Siri Josefine Mo)

Posisjonsfesta jordprøver

Det er ikkje berre når det gjeld køyrespor at samdrifta tenkjer framover.

– Vi har også starta å ta posisjonsfesta jordprøver, så vi i framtida kan ta i bruk tildelingsfiler, fortel Torstein. Også der kan NLR hjelpe bøndene.

– Vi tek utgangspunkt i det som finnast tilgjengeleg av avlingsdata, jordprøver, jordkartlegging, sensordata og satellittbilete, seier rådgjevar Gunstein. Det, kombinert med kjennskap til åker og eng og NLRs erfaringar, blir brukt for å lage tildelingsfiler i ønska format.

– Desse kan du bruke til å gjødsle, kalke eller så med variable mengder, slik at du optimaliserer avlinga og betrar det økonomiske utbyttet, fortset han.

Rådgjevarar over heile landet

Det er liten tvil om at utviklinga innan presisjonsutstyr vil halde fram med å løyse ulike problemstillingar norske bønder står overfor. Men jo fleire val, jo fleire moglegheiter til å velje feil.

– Det er nokså mykje å sette seg inn i, så vi ser for oss at vi treng innspel framover også, på kva vi skal gjere på investeringsfronten, seier Torstein.

Og rådgjevar Gunstein står klar til å hjelpe Torstein og Alva samdrift. På same vis som at resten av presisjonsrådgjevarane står klare til å hjelpe andre bønder elles i landet, på din gard, med dine føresetnader.

Hovedillustrasjon