Dei fleste tenker på driftsplan som nødvendig når ein skal søke om lån og tilskott i samband med utbygging, ombygging eller refinansiering. Driftsplan er nødvendig då, men det kan og vere eit godt styringsverktøy for garden.

Driftsplan kan kome til nytte:

-ved gjennomgang av drifta med tanke på optimalisering

-ved større investeringar eller omlegging av drifta

-ved generasjonsskifte/eigarskifte kan det vere nyttig for å vurdere aktuelle alternativ for vidare drift

-ved utfordringar i økonomien

Når vi lager driftsplan vil vi gjerne gå gjennom rekneskap for garden. Då får vi eit godt grunnlag for status i dag og vidare planlegging. I planen lager vi vidare kalkylar for aktuelle produksjonar på garden og ser på tilgjengelege ressursar så som arbeidstid og arealgrunnlag. Kva som trengs av investeringar for å få til aktuell produksjon vert lagt inn i planen saman med lønsinntekter, skatt, renter, avdrag og privat forbruk. Du kan sjå korleis ei investering påverkar driftsresultat utan å dra inn andre inntekter.

Er målet med driftsplan investeringssak til Innovasjon Norge ,må det vere med fylgjande dokumentasjon

  • Teknisk plan med kostnadsoverslag eller tilbod
  • Driftsplan / vurdering av lønsemd
  • Skattemelding, næringsoppgåve og landbruksskjema siste år (skattemelding også for ektefelle)
  • Evt. godkjent byggemelding,
  • Evt. leigeavtalar for jord, mjølkekvote mm

Skal du søke lån i lokal bank må du sende med lånetilsegn, søker du lån i Innovasjon Norge må du legge ved takst. Ser dette interessant ut? Vi er klare til å hjelpe deg!