Årets vekstsesong har vist kor viktig drenering er. Klimautviklinga vil nok heller ikkje redusere behovet for drenering i framtida.

NLR Nordvest set i haust opp ei rekkje kurs der du får høve til å lære om drenering eller friske opp kunnskapane. Kurset går over ein dag og er delvis finansiert av Klima og miljømidlane frå Statsforvaltaren gjennom prosjektet vårt Drenering for betre jord og klima.

Kurspris: kr 500 inkl. servering.

Program:

9:30 Oppmøte med kaffe og noko å bite i
10:00 Undervisning
11:45 Lunsj
12:30 Undervisning
14:30 Undervisningsslutt, evt. diskusjon og spørsmål

Påmelding: Dreneringskurs på Averøy 27. september 2022