I prosjektet "Karbon til bondens beste" (GodKarbon) har vi lært mykje om eigenskapane til jorda i Surnadal. Det har vore gjort registreringar av karbonlagring, biologisk aktivitet, jordstruktur og andre jordfysiske forhold.

Om prosjektet

Prosjektet Karbon til bondens beste (Godkarbon) er finansiert av Landbruksdirektoratet. Ansvarleg for gjennomføringa har vore NORSØK i samarbeid med Landbruk Nordvest, NLR Innlandet og NMBU. Målet med prosjektet har vore å undersøke effekten av eng i vekstskiftet på kornbruk med sand- og siltjord. Det var plukka ut 8 bruk i Surnadal og 8 bruk i sør- Østerdalen. Halvparten av bruka hadde eng i vekstskiftet og den andre halvparten einsidig korndyrking.

I denne artikkelen konsentrerer vi oss om resultata frå Surnadal.

Bilde1
Måling av infiltrasjon. Foto: NORSØK

Resultat

Moldinnhald

Jorda i Surnadal er sandjord med varierande innhald av silt. Ved einsidig korndyrking er ofte moldinnhaldet lågt. Slik jord har liten evne til å halde på næringsstoff. Om siltinnhaldet ikkje er forholdsvis høgt er den og tørkeutsett. Den beste måten å forbetre eigenskapane til sandjord er å auke moldinnhaldet.

For tida er det stort fokus på karbonlagring i jord med tanke på klima. Auka moldinnhald er difor også eit klimatiltak. I Surnadal fann vi at naturgitte forhold betydde meir for moldinnhaldet enn om det var eng i vekstskiftet. Ser ein på alle bruka i prosjektet samla er gjennomsnittleg moldinnhald 4,0 % der det vekstskifte med eng og 3,3 % der det berre var åkerdrift. Forskjellen er ikkje særleg stor og nivået er forholdsvis lågt for begge gruppene. Dette viser at det er vanskelegare å bygge opp moldinnhald i ei sandjord enn i ei jord med høgare leirinnhald.

Bilde2
Sissel Hansen undersøker jordprofil. Foto: NORSØK
Bilde4
Måling av rotdjupn. Foto: NORSØK

Ei trøyst kan vere at samtidig som det er vanskeleg å auke moldinnhald i sandjord, treng ein ikkje så høgt moldinnhald for å oppnå positiv utvikling. 4-4,5 % er truleg nok til å gi positive eigenskapar som auka aggregatdanning. Husk også at det er på den mest moldfattige jorda det er enklast å auke moldinnhaldet litt og det er der det har størst effekt.

Bilde3
Uttak av jord for å bestemme porevolum og jordtettleik. Foto: NORSØK
Bilde5
Måling av jordpakking ved hjelp av penetrometer. Foto: NORSØK

Aggregatdanning

Er ein viktig eigenskap ein oppnår med litt moldinnhald i jorda. Aggregat er små ertestore klumpar av jord som særleg dannar seg rundt planterøtene. Inne i desse klumpane er vatn og næringsstoffa betre beskytta samtidig som det er tilgjengeleg for plantane. Mellom desse klumpane blir det større operom der overskytande vatn kan renne bort. Eitt av funna i undersøkinga var at både aggregat i gunstig størrelse (2-6 mm) var høgare og aggregatstibliteten var større der det var eng i vekstskiftet. Aggregatstabiliteten var høgare der det var brukt husdyrgjødsel i einsidig korndyrking enn der det var einsidig korndyrking med berre mineralgjødsel.

Meir organisk karbon

Av andre positive eigenskapar som følgje av vekstskifte var betre jordstruktur, meir organisk karbon, meir jordliv og raskare omdanning av planterestar. Dei lågaste tala for karbonlagrin, jordstruktur, omdanning av organisk materiale, meitemark og biologisk aktivitet fann ein der det var brukt kun mineralgjødsel

Ein del andre faktorar var det ikkje like klare forskjellar på. Rotdjup, penetrasjonsdjup, infiltrasjon og porevolum var ganske likt mellom bruk med einsidig korndyrking og bruk med vekstskifte. Ein grunn kan vere at i eng er det både fleire overkøyringar og meir bruk av tungt utstyr (husdyrgjødselvogn, rundballpresse) enn i korndyrkinga. For faktorane POXC-karbon og respirasjon er heller ikkje forskjellane så klare. Her vil truleg husdyrgjødsel på fleire av bruka med einsidig korndyrking vere med og dra opp snittet for denne gruppa.

Figur 1
Ulike eigenskapar som er målt i prosjektet oppgitt i andel av høgaste målte verdi. Gul strek viser gjennomsnitt for bruk med einsidig korndyrking. Grøn strek viser gjennomsnitt for bruk med korn og eng i vekstskifte.

Forklaring til figuren:

Enkel statussjekk

I tillegg til resultata vi har nemnt så langt har ein viktig del av prosjektet vore å ta i bruk ein del enkle metodar for å kartlegge jorda. Gjennom deltaking i prosjektet og gjennom markdagar har både rådgivarar og bønder lært meir om korleis ein tek ein statussjekk på eiga jord og ser om den utviklar seg i riktig eller feil retning.

Konklusjon og vegen vidare

Å bygge opp høgt moldinnhald og lagre store mengder karbon i Surnadalsjorda er ikkje muleg. Men på sandjord kan ein oppnå mange positive eigenskapar med berre ei lita heving av moldinnhaldet. Sjølv om eng i vekstskiftet ikkje aukar moldinnhaldet så mykje bidreg det med mange andre positive eigenskapr. For den som ikkje har eng i vekstskiftet kan bruk av fangvekstar vere neste skritt på vegen for å ta vare på næringsstoff og bygge eit litt høgare moldinnhald. Også for den som har eng i veksskiftet kan fangvekstar i kornåra vere med på å ta vare på litt meir av karbonet ein har lagra inn i engåra.

Med bakgrunn i resultata frå dette prosjektet, kva kan ein korndyrkar i Surnadal gjere for å få høgast muleg moldinnhald, god jordstruktur og mykje jordliv?

  • Vekstskifte med eng (kanskje går det an å bytte jord med ein grasdyrkar?)
  • Bruk av fangvekst i kornåra, mest muleg grønt plantedekke i løpet av året
  • Bruk av husdyrgjødsel eller kompost
  • Pløye ned halmen
  • Bruke spaden for å følge med på jorda

Kjelder: