Garden til Håvard Helgeland i Nedstrand er bratt. Han har ofte gjort traktorarbeid med hjarta i halsen, som ved skogsarbeid og gjødsling i beiter. Han hadde ingen tankar om at han gjorde noko risikabelt augustdagen i 2021 då ulykka skjedde. Han køyrde som han hadde gjort i 25 år. Det enda i totalhavari for traktor. Heldigvis gjekk det forholdsvis godt med han sjølv.

Håvard Helgeland er heiltidsbonde og driv med mjølkeproduksjon og sau i Tysvær, ei lita mil nord for jordbruksskulen i Hinderåvåg. Beitene er bratte og slåtteteigane verkar flate i forhold. «Dalarstykket» er ein lang tarm av dyrka mark som ligg som eit platå i terrenget. I starten er teigen brei, men smalnar mot enden. Ved utkjøring av husdyrgjødsel har det vore fast regel at han kjører til midt på teigen før han slepp traktoren ned den slake bakken, rettar opp traktoren og ryggar tilbake for å dekka nederste delen av teigen med husdyrgjødsel. Slik har han gjort det sidan han starta opp drifta for 25 år sidan og slik hadde han komme til å fortsetta om det ikkje var for ulykka. Nå kjem han til å kjøra til endes på teigen og snu. Ikkje for at han med fornufta trur det same vil skje igjen, men denne augustdagen vil sitta i minnet og kroppen.

1 Havard Helgeland foto annlaug fludal
Håvard Helgeland , heiltidsbonde med sau og mjølkeproduksjon i Tysvær.
3 Dalarstykket foto annlaug fludal
"Dalarstykket" - ei dyrka flate midt i dei bratte beitene.

Ulykka skjedde ved utkjøring av husdyrgjødsel etter 2.slåtten. Sommaren 2021 var tørr og det hadde vore gode kjøreforhold. 9.august hadde det komme litt regn som gjorde at underlaget oppførte seg nesten som i teleløysinga. Slikt har han hatt tid å fundera på i ettertid. Traktoren gleid mot kanten og trilla rundt fleire gonger i det bratte beite før den hamna på taket i vegen, rundt ti høgdemeter lågare.

Foto annlaug fludal
Frå ulykkesdagen. Traktor med tankvogn rulla rundt og havna på vegen under. Foto Lars Espevik.

Håvard hugsar ikkje sjølve ulykka og kom først til seg sjølv når han gjekk heim til husa. Han kan ikkje vera heilt sikkert at han hadde belte på, men han har gjort det til regel sjølv ved små-arbeid. At det gjekk såpass godt tar han òg som bevis på at han må ha festa belte. Det var ingen slag mot hovudet, men nakken hadde brot to plasser. Det blei tre og ein halv månad full sjukemelding og forbod mot å løfta tyngre enn fem kg. Etter dette var han halvt sjukemeld i eit par månadar til. I dag er han i full sving igjen. Litt heng ennå igjen, men det reknar han er forbigåande. «Eg var svinheldig» seier Håvard, som tenker på at det kunne gått så mykje verre.

Til alt hell passa det slik at sonen til Håvard kunne ta permisjon frå annan jobb og vera heime på heiltid som avløysar. Han er kjend med drifta på garden og planen er at han skal overta med tida. Ønsket er å kunna gjera dei nødvendige investeringane som trengst for å fortsetta med mjølkeproduksjon.

Det kostar å leiga arbeidskraft når ein er sjuk. Og det tar tid før sjukepengar er på konto. Det er eit regelverk som kan vera krevande å setta seg inn. Avløysarar kan ta det daglege stellet, men det er så mykje meir som skal gjerast. Bønder har «bakvakt» heile døgnet; dyr på avveie, lemming, kalving, sjuke dyr og så vidare. Og i tillegg kjem vedlikehald og anna langsiktig arbeid som blir sett på vent. Ulykka kunne treffe på ei mindre gunstig tid, for eksempel midt i den travlaste perioden om våren når timane i døgnet ikkje rekk til med lemming og alt anna.

Sauehaldet er viktig for garden. Under besøket i september er det midt i sauesankinga. Håvard gir råd over telefon til dei som er på fjellet.

2 sauesanking pa telefon foto annlaug fludal
Midt i sauesankinga. Håvard får berre vera med på telefonen.
4 Daniel og Havard foto annlaug fludal
Håvard viser ulykkesplassen til Daniel Breivik frå NLR Rogaland.

På nyåret kom oppgjeret for dei materielle skadane. Håvard meiner han kom greitt ut av det, sjølv om bruksverdien oftast er høgare enn oppgjerstaksten. For gjødselvogna får han dekka under ein fjerdedel av det ei tilsvarande ny vogn kostar. Brukte vogner er ikkje lette å finna, og han vurderer å fiksa opp den gamle.

Traktoren blei totalvrak. Han valde å oppgradera til ny traktor og dekka mellomlegget med eiga finansiering. Ein god traktor må ein ha om ein skal bli med vidare i jordbruket. I tillegg til husdyrhaldet på garden har skogbruksdrifta vore eit viktig bein å stå på.

Foto: Annlaug Fludal.

5skraning foto annlaug fludal
Berre ei flate med ny asfalt viser kor traktoren havna.