Dei siste 25 åra har det vore fokus på hjort som et opp avlinga til bonden og kva gode tiltak bonden kan gjere. Det har vore gjort mange registreringar og utrekningar med tanke på dei økonomiske tapa bonden har, men aukande hjortestamme har ikkje vore sett på som ei klimautfordring. Aukande tal drøvtryggande hjort, på lik linje som ku og sau vil føre til aukande metangassutslepp. I tillegg forkludrar skadebeiting av hjort dei beste tiltaka grovfôrbonden har for å redusere klimagassutsleppa.

Hjort på bøen gjev bonden ekstra klimautfordringar

Landbruket har vedteke si eiga klimaplan for 2021 - 2030. Eitt av satsingsområda for å redusere klimagassutslepp er meir berekraftig fôring av husdyra og målretta innsats for betre grovfôrkvalitet. Både høgare avlingar og betre fôrkvalitet på graset aukar energiopptaket frå grovfôr og kraftfôrmengda i fôrrasjonen kan reduserast. Betre fôrkvalitet gjev betre fordøying av graset, og metangassproduksjonen i vomma blir redusert.

Meir eigenprodusert grovfôr i fôrrasjonen til dyra, er eitt av bonden sine beste klimatiltak og også viktig for å oppnå god lønsemd i husdyrproduksjonen.

Landbruksrådgjevaren har ei innhaldsrik verktøykasse med tiltak som bonden kan nytte for å betre agronomien, auke avlingane og oppnå betre fôrkvalitet. Problemet for bonden i område med stort trykk frå ei aukande hjortestamme, er at alle tiltaka som blir sett i verk, vil vere som ein magnet på hjorten. Hjorten vil beite mest på bøane med det beste graset, og vil då føretrekke ung eng med mykje timotei. Omfattande hjortebeiting og trakkskader frå seinsommar til vår, fører til avlingsreduksjon. Det er ikkje uvanleg med rundt 20 % i avlingstap. Det vert også raskare utgang av det sådde graset, spesielt timotei, som er hovudsarten i mange grasfrøblandingar. Forskinga og Landbruksrådgivinga har samarbeidd om mange forsøk for å prøve ut nye grasartar, som er smakeleg for kua, og som hjorten ikkje beiter. Enno har vi ikkje funne ei fullgod erstatning for timoteien. For å auke mengda med grovfôr, leiger bonden meir areal. Transport- og arbeidskostnadene aukar og klimarekneskapen og økonomien til bonden vert dårlegare. Med ei aukande hjortestamme på heile Vestlandet, er det fleire og fleire bønder som får problem med skadebeiting av hjort.

Aukande hjortestamme i seg sjølv er ei klimautfordring

På 1990-talet, gjorde Nordhordland forsøksring dei fyrste registreringane av skade på eng som skuldast beiting på hjort. Sjå faksimile frå avisa Nordhordland frå 4. november 1998, der overskrifta var: «Hjorten påfører bøndene milliontap». På krinsmøta og årsmøta i Norsk Landbruksrådgiving har medlemane kvart år teke opp at vi må løyse problema med hjortebeiting. Det har vi ikkje greidd. Tvert i mot er problema mykje større i dag enn for 25 år sidan.

Avisoppslag Nordhordland 1998 hjort

Frå slutten av 1990-talet og fram til i dag har hjortestamma og årleg felling av hjort på Vestlandet mangedobla seg, sjå figur 1.

I seg sjølv er aukande hjortestamme ei klimautfordring. Hjorten er ein drøvtyggar på lik line med storfe og småfe. Dei produserer også metangass under fordøyinga. Når hjortestamma har auka med 40-50 % dei siste ti åra, har utslepp av metangass frå hjortestamma auka tilsvarande.

Tabell hjort Liv
Figur 1. Totaltal felte hjort, kalvar og vaksne dyr, i Vestland fylke i perioden 1997 – 2021. Kjelde: https://www.hjorteviltregisteret.no/Statistikk

I same periode har tal storfe på Vestlandet gått ned med 11 % (kalvar og vaksne dyr), frå totalt 92 940 dyr i 2011 til 82538 dyr i 2021. (Kjelde: Landbruksdirektoratet, Statens landbruksforvaltning - Statistikker og rapporter (statistikkdata.no)).

Nedgangen i tal storfe er positivt for klimarekneskapen til vestlandbonden, men er svært negativt med tanke på norsk sjølvforsyningsgrad av mat og vestlandslandbruket.

Korleis kan ein redusere hjortestamma?

Dei fleste er einige i at hjortestamma på Vestlandet har blitt for stor, og at dei økonomiske tapa både for landbruket og skogbruket er for store. Det beste tiltaket for bonden er at hjortestamma vert redusert. Frå 1997 og framover har tildelte løyve på felling av hjort auka i takt med aukande hjortestamme. Dette har ikkje stoppa veksten i hjortestamma. Eit tiltak som mange kommunar no har innført, er kvotefri avskyting av hjortekalv. Det er håp om at det vil vere med å halde hjortestamma nede.

Tiltak for å auke fellingsprosenten kan og vere viktig. Statistikken viser at fellingsprosenten på heile 2000-talet har vore under 80 %, (sjå figur1). Ein høgare fellingsprosent vil vere med å halde hjortestamma i sjakk. Det kan vere mange årsaker til at fellingsprosenten ikkje er høgare. Det er tidkrevjande å gå på hjortejakt. For vestlandsbonden er tidsskjema som oftast sprengt, sjølv utanom hjortejakta, og det er vanskeleg å få tidskabalen til å gå opp. Det er heller ikkje alle grunneigarar med hjorteløyve som er like ivrige jegerar, og for det tredje kan det vere utan meining å felle meir hjort når jegeren har fleire fryseboksar fulle av hjortekjøt.

Hjortestamma burde vere ein ressurs for grunneigarane og bøndene, ikkje berre til problem. Ei hjortestamme under kontroll hadde vore det beste for økonomien og klimarekneskapen til vestlandsbonden. I område med tett hjortebestand kan det vere grunnlag for å skape inntekter med jaktturisme, etablering av slakteri og felles kjøle- og eventuelt fryselager og sal av hjortekjøt til butikkar, hotell og restaurantar. For ein heiltids vestlandsbonde er arbeidsdagen og -veka lang nok som den er. Få har overskot og tid til å skulle organisere jaktturisme eller sal av hjortekjøt. For å skape meirinntekter av hjortestamma må andre også på banen, og eit godt samarbeid med grunneigar og den aktive bonde er avgjerande for å kunne lukkast. Mange hadde sett pris på om det var hjortekjøt til sals i vanlege butikkar eller at ein fann hjortekjøt på menyen på hotell og restaurantar. Det er vanskeleg å sjå at vestlandsbonden kan halde hjortestamma i sjakk åleine.

Hjort i gallopp mens sauene koser seg pa beite i haustsolen P1340891