Kirsebærfluga er ein av dei mest alvorlege skadedyra i morellproduksjon i Europa. Fluga legg egg i kirsebæra og gir bær som har makk, er mjuke og rotnar lett. I Noreg har kirsebærfluga tradisjonelt vore eit lite problem, men førekomsten er aukande og i enkelte område og i varme år kan den gjera stor skade.

Biologi

Kirsebærfluga overvintrar som puppe i jorda. I juni og juli kjem den vaksne fluga fram og etter 6-13 dagar startar fluga paring og egglegging. Egga vert lagt rett under skinnet på søtkirsebær, helst bær som er i overgangen frå grøn til gul farge. Egget klekker inne i søtkirsebæret og etter nokre dagar er det ei kvit larve inni bæret. Larva gjennomgår 3 larvestadium inne i bæret før den kryp ut og slepp seg ned på bakken for å forpuppe seg i jorda.

Tiltak

For å sjekka om fluga finst i eit felt kan det hengast opp gule limfeller. Heng limfellene på sør/aust-sida av trea, gjerne ein stad med mykje solinnstråling, jamt spreidd over arealet.

Ved funn av kirsebærfluge er det i dag bruk av plantevernmiddel som er aktuelt tiltak. Dei godkjente plantevernmidla mot kirsebærfluge i søtkirsebær er Movento og Mospilan på friland og Movento i tunell. Begge desse plantevernmidla har effekt på egg og larver, men lite til ingen effekt på vaksne. Vidare fellefangst etter sprøyting vil dermed ikkje sei noko om kor god effekt behandlinga har hatt.

I Noreg har det vorte sett ein skadeterskel ved funn av 1 fluge. Behandling av feltet bør rettast mot egg og nyklekte larver. Tilrådd sprøytetidspunkt er difor 10-14 dagar etter først funn, eller når karten skifter farge frå grøn til gul.

Blogg kirsebaerfluge
Tabellen viser vilkåra for bruk av Mospilan og Movento i søtkirsebær.

I tillegg til bruk av plantevernmiddel har det opp gjennom historia vorte prøvd mange tiltak for å avgrense skaden av kirsebærfluge. Det viktigaste tiltaket er truleg å hauste trea så reint som mogeleg. På den måten vert eventuelle larver som ligg i kirsebæra fjerna frå feltet og hindra i å forpuppe seg i jorda. Dersom enkelte tre vert ståande utan å verte hausta kan det potensielt føre til ei stor oppformeiring av kirsebærfluge.

På same måte vil tideleg og rask hausting redusere talet på larver som rekk å fullføre livssyklusen sin og forpuppe seg i jorda under trea.

Bruk av nett rundt felt, nett på bakken og nytteorganismar er døme på andre kontrollmetodar som har vorte undersøkt i Europa. Desse er per i dag ikkje i bruk i Noreg.

For felt med tunell- eller voen-dekke kan det brukast eit finmaska nett rundt feltet for å hindre innflyging av kirsebærfluge. Nett med ein maskestorleik på 1,3 mm vil halde flugene ute. Det må vera på plass frå før flugene startar å fly på våren og til den seinaste sorten er ferdig hausta. Tilsvarande har det vorte prøvd å dekke jorda under trea med finmaska nett (maskestorleik på 0,8 mm) for å hindre vaksne fluger i å nå fram til kirsebæra på trea etter at dei kjem fram frå pupper i jorda. For god effekt må kantane på nettet gravast ned.

I økologisk søtkirsebærproduksjon i Europa har det også vorte brukt gjentatte sprøytingar med nyttesoppen B. bassiana. Nyttesoppen reduserer eggleggingsevna til vaksne individ, men har ingen effekt på egg og larver. I Noreg vart B. bassiana (under handelsnamnet BotaniGard) godkjent i jordbær i 2021, men leverandør er ikkje klar for levering til den norske marknaden endå. Ved eventuell bruk av nyttesopp mot kirsebærfluge i konvensjonell produksjon, må bruk av plantevernmiddel mot soppsjukdomar vurderast opp mot kor skadelege desse er for B. bassiana.

Enkelte nematodar har vist lovande effekt mot larver av kirsebærfluge i laboratorieforsøk, men utprøving i felt har diverre gitt for dårleg resultat til at nematoden har vorte tatt i bruk mot kirsebærfluge i praksis.

Vurdering av skade

Ved hausting er det vanskeleg å identifisera kva bær som har vorte lagt egg i av kirsebærfluga. Stikka er små og vanskelege å sjå. Det er derimot mogeleg å sjå utgangshol frå larver. Frå egget vert lagt til larva går ut av bæret tek det om lag 3 veker.

For å undersøke kor mykje kirsebærfluge som finst i avlinga kan det samlast inn eit utval av tilfeldige kirsebær, td. 50 eller 100 stk. Ofte er bær frå toppen av trea og bær frå sørsida av trea meir utsett for skade. Utvalet bør difor enten takast frå heile treet, eller skiljast etter kvar dei er tatt frå på trea.

Legg kirsebæra i ein boks med eit lag kattesand i botn. Når larvene er ferdig utvikla vil dei krypa ned i kattesanden og forpuppa seg. Etter nokre veker kan kattesanden vaskast og puppene vil flyte opp til overflata.

Ein anna metode er å knuse dei innsamla kirsebæra slik at steinen losnar frå fruktkjøtet og deretter tilføra ei saltløysing på 350g salt/l vatn. Flytande larver kan då teljast etter 10 minutt.

Ei slik undersøking av kirsebær vil kunne gje eit betre estimat av kva skaden frå kirsebærfluga faktisk er i felt enn fangst av vaksne individ på gule limfeller.

IMG 20220620 122253